Selskapet har ikkje erverv til føremål. Deltakarkommunane overfører
rettane dei har til hushaldsavfall til selskapet. Føremålet med
selskapet er:
Innsamling og transport av alle typar etter delegasjon å utføre
eigarkommunane sine forvaltnings- og arbeidsoppgåver innan
avfallshandtering på ein best mogeleg måte med omsyn til økonomi,
ressursbruk og miljø. Selskapet er tildelt einerett for handtering av
hushaldsavfall og har ikkje næringsverksemd til føremål. I arbeidet
med desse oppgåvene skal selskapet ta omsyn til
brukarane/innbyggjarane sine ønskje og interesser.
Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
Selskapet skal der dette er naturleg, søkje å etablere samarbeid med
andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle
og miljørette løysingar når det gjeld gjenvinning. Selskapet kan vera
eigar eller medeigar i andre selskap.
Selskapet skal vera ein samfunnsaktør og pådrivar for å utvikle
framtidsretta og miljømessige løysingar for handtering av avfall.
Selskapet skal vera ein pådrivar og aktør i overgangen til sirkulær
økonomi i deltakarkommunane.
Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og
næringsdrivande om drifta av selskapet. Selskapet skal i
informasjonsarbeidet leggje vekt på å gje auka kunnskap og forståing
for miljøvenlege behandlingsmetodar.
Gje tilbod om innsamling, gjenvinning og handsaming av næringsavfall
der selskapet finn dette miljømessig ønskeleg og økonomisk rett.
Avgjera i kva grad drifta kan skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og
mannskap, eller ved leigeavtalar med deltakarkommunane eller private
næringsdrivande.
Den einskilde kommune kan, etter godkjenning av representantskapet,
også velje eit anna nivå for sine ytingar til innbyggjarane enn vanlig
i selskapet sitt arbeidsområde. Slike avgjerder skal så langt råd er
ikkje ha økonomiske konsekvensar for selskapet.
Interkommunalt avfallsselskap som skal drive avfallshandsaminga i
Sogne-regionen (9 kommuner)