Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) er eit interkommunalt renovasjonsselskap til kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn. NoMil si hovudoppgåve er å ta hand om renovasjon for desse kommunane.
Utføre kommunene sine oppgåver innan følgjande
deler av avfallsbehandlinga:
1. Oppsamling, innsamling og transport av alle avfallstypar i
kommunane.
2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for restavfall og fraksjonar
som kan gjenvinnast.
3. Bygging og drift av innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg,
mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan
gjenvinnast. Selskapet kan søkje samarbeid med andre kommunar,
regionar og selskap der dette er naturleg.
4. Selskapet sine hovudoppgåver gjeld det forbruksavfallet kommunane
har ansvaret for, men selskapet kan også drive innsamling, transport
og behandling av produksjonsavfall og slam.
Selskapet kan ta på seg alle oppgåver som høyrer naturleg saman med
dei oppgåvane som er nemde i pt. 1-4.
Selskapet kan overta ansvaret for dei nemnde funksjonane gradvis etter
nærare avtale med kommunane. Selskapet avgjer i kva grad drifta skal
skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved
leigeavtalar med medlemskommunane eller private næringsdrivande.