Stiftelsen har som idrettslig formål å byggja, evt. rehabilitera
idrettsanlegg, samt drifte desse. Første anlegg for stiftelsen er å
byggja eit nytt symjeanlegg. Stiftelsen er ein alminneleg stiftelse
utan eige økonomisk formål. Eit eventuelt overskot frå drifta eller
anna, skal koma anlegget/eventuelt anlegga til gode. Stiftelsen vil
gjennom desse anlegga utvikla positive og gode helse og spesielt
idrettslege tiltak i Skånevik og omegn. Bidra til at Skånevik er, og
blir ein god og attraktiv stad å bu i, og å besøkja. Stiftelsen vil
vidare vera ein utviklingsorganisasjon som ønskjer å jobba for å sikra
gode og framtidsretta anlegg og tiltak for idrett og folkehelse-
aktivitetar for heile Skåneviksregionen. Organisasjonen har også som
formål å leggja til rette for opplæring av instruktørar og aktivitørar
for å gjera idrettsaktivitetane gode. Stiftelsen skal ha fokus på
bærekraft med hensyn til energi, forbruk og miljø. Organisasjonen skal
også ha fokus på likeverd og inkludering.