Studentidrettslaget Studentspretten skal arbeide for at
treningstilbodet til studentane i Sogndal skal bli best mogeleg.
Studentidrettslaget i Sogndal skal sørgje for å gje studentane eit
variert og allsidig treningstilbod. Arbeidet skal vere prega av
frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg
aktivitet i idrettslaget skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede,
fellesskap, helse og ærlegdom.