På vegne av medlemsbedriftene på søre Sunnmøre, er føremålet til
Opplæringskontoret å legge til rette opplæring for lærlingar og
lærekandidatar i tråd med Opplæringslova. Opplæringskontoret er eit
samarbeidsorgan mellom fleire bedrifter som har teke på seg
opplæringsansvar i samsvar med fastsette læreplanar i aktuelle fag.
Opplæringskontoret skal koordinere og støtte medlemmane si
fagoppplæring og medverke til at opplæringa held god fagleg kvalitet.
Kontoret skal prepresentere kommunane og medlemsbedrifter ut mot
elevar i vidaregåande skule, samt vere bindeledd og kontaktperson
mellom skule og lærebedrift. Kontoret skal aktivt arbeide med
informasjonsformidling på opplæringsplassane. Kontoret skal gje råd om
opplæringstilbod, analysere opplæringsbehov og utvikle planar for
opplæring.
Undervisning, opplæring og oppfølging av lærlingar og lærekandidatar.