Å drive eit senter for naturrettleiing i Stryn, kalla Jostedalsbreen
Nasjonalparksenter. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter skal formidle
kunnskap om dei særeigne natur- og kulturtilhøva som pregar Sogn og
Fjordane og særskilt Stryn. Dette skal skje gjennom informasjon,
forskning, undervisning, opplevingar og aktivitetar knytt til naturen.
Stiftinga har status som autorisert nasjonalparksenter og denne
autorisasjonen pålegg senteret å informere om nasjonalparken senteret
er knytt til (Jostedalsbreen Nasjonalpark), samt om Norges
nasjonalparkar og naturvern generelt. Dette informasjonstilbodet
forutset å vere ein sentral, integrert del av senteret si verksemd i
heile senteret si opningstid.
Stiftinga har ikkje erverv som føremål. Midlane til stiftinga kan
berre brukast til å fremje føremålet med stiftinga.
Stiftinga kan stifte aksjeselskap eller anna føretak eller samarbeide
med, opprette eller delta i verksemd med same eller liknande føretak
for drift og administrasjon av eit senter for naturrettleing i Stryn.
Forskning, naturveiledning og kunnskapsformidling om natur og kultur.