Eige og forvalte aksjar i selskap innan fornybar energi og
infrastruktur innan nett- og breibandsløysingar. Årdal Energi Holding
AS skal vere ein pådrivar for å sikre og utvikle fornybar energi og
infrastruktur til innbyggjarar og næringsliv i Årdal. Årdal Energi
Holding AS skal skaffe innbyggjarar og næringsliv i Årdal sikker
levering av fornybar energi til konkurransedyktige prisar. Årdal
Energi Holding AS skal ivareta Årdal kommune sine eigarinteresser og
vere kommunen sitt fagmiljø innan fornybar energi. I forvaltninga av
eigarskapen, skal Årdal Energi Holding AS leggje vekt på å byggje og
bevare lokale arbeidsplassar basert på kompetanse, ansvar og trivsel,
gjennom eit aktivt HMS-arbeid. Årdal Energi Holding AS kan delta som
partner/aksjonær i felles næringsutvikling initiativ som er i tråd med
Årdal kommune sin strategiske næringsplan.
Eige aksjar i Årdal Energi Nett AS og Årdal Kraftlag AS, samt aksjar
eller andre eigardeler i selskap som sjølv driv verksemd innanfor
energi, eller i selskap som eig aksjar eller delar i slike selskap.
Selskapet sitt føremål er vidare å forvalte Årdal kommune si interesse
i Årdal Energi Nett AS og Årdal Kraftlag AS. Selskapa skal skaffe
innbyggjarar og næringsliv sikker levering av fornybar energi til
konkurransedyktige prisar. Selskapa skal skape verdiar for eigar,
kundar og lokalsamfunnet, og syte for ei turvande, sikker og
kostnadseffektiv energiforsyning som tilfredsstiller dei til ei kvar
tid gjeldande krava til miljø og overordna myndigheit, samt arbeide
aktivt for god energiøkonomi. I forvaltninga av eigarskapet til Årdal
Energi Nett AS og Årdal Kraftlag AS skal det leggast vekt at desse
verksemdene tek omsyn til lokale arbeidsplassar, og at det blir bygt
opp arbeidsplassar basert på kompetanse, ansvar og trivsel gjennom eit
aktivt HMS-arbeid.