Skal samle grunneigarane i dei
tidlegare små valda i området for å forvalte hjorteviltet som ein del
av næringsgrunnlaget i landbruket. Har som overordna mål å
forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar ein optimal og
vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjønns-
og aldersfordeling og med passande stammestorleik i forhold til
leveområde si bæreevne (beitetilgong) og skadepress (skog og innmark)
for anna verksemd. Skal arbeide saman med hjorteforvaltninga.
Skal sikre ei planbasert grunneigarstyrt forvaltning, samt
gjera fordeling av fellingsløyvar mellom medlemmane. Valdet skal og
vere aktive i arbeidet med å auke kompetansen til medlemmane innafor
saksområdet, samt arbeide for ei etisk jaktutøving med viltlovens §19
som overordna mål.