I fellesskap å forvalte ressursane i sameiga på ein langsiktig og
forsvarleg måte og som ivaretek rettshavarane sine felles interesser.
Innanfor gjeldande lover og reglar skal sameiga leggje til rette for
og arbeide for at sameiga blir brukt til dei formål som er aktuelle
etter tida og tilhøva og på ein slik måte at dette kan styrke
næringsgrunnlaget for rettshavarane. Sameiga skal særskilt ivareta
jordbruksinteressene, stølsrettane og legge tilhøva til rette for
utøving av stølsretten. Sameiga skal drifte og vedlikehalde
stølsvegane i sameiga. Vegane skal på tidsmessig måte tene som
tilkomstvegar til stølslaga i Smådalen - om nødvendig med
opprusting. Sameiga skal også forvalte «Smådalens grusfond» på ein
måte som er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar, jf. §
17.