Grunneierlaget er ei samling av grunneierne i Stavedalen.
Grunneierlaget skal vera pådrivar for å utvikle Stavedalen basert på
næringsutvikling og tradisjonar der landbruk, miljø og reiseliv blir
utvikla i ein heilskap i samsvar med medlemene sine interesser.
Grunneierlaget skal ivareta medlemene sine interesser gjennom ei
langsiktig økonomisk utvikling av Stavdalen, ivareta interesser
overfor styresmakter og anna næringsliv og gjennom å utvikle og
forvalte utmarksressursane fremje utmarka kring Stavedalen som
landbruks- og reiselivsområde. Grunneierlaget bør leggje tilrette for
bruk av lokale ressursar i utbygging og anna tenesteyting. Stavedalen
Grunneierlag er i utgangspunktet ei samling jaktrettseigarar i
Stavedalen. Jakt og fiskerettigheitar kan ikkje delast frå
hovudbruket. Grunneierlaget skal som før ha full disposisjonsrett over
medlemene sine jakt- og fiskerettar innenfor laget sitt område.
Årsmøtet vedtek jakt- og fiskereglane. Styret har ansvret for
organisering av jakt og fiske, viltstell, kortsal osv., dersom ein vel
å ikkje oppnemne eige jakt- og/eller fiskestyre. Fiske skal vera
tilgjengeleg for allmennheten og det inngås avtale med grunneiere
rundt vatn.