Grendahuset si hovudoppgåve er å drifte huset og ved det skaffe bygda
ein høveleg samlingsstad, med rom for ulike aktivitetar, møter og
andre samankomster. Grendahuset skal ikkje drive forretningsverksemd.
Grendahuset skal vere ope for alle lovlege føremål. Huset skal
disponerast slik som partshavarane finn det tenleg, utifrå Grendahuset
sin økonomi, sosiale og kulturelle behov i bygda og nærområdet.