Samle grunneigarane, for i fellesskap å forvalte alle utmarksresursane
som ein del av landbruksnæringa, og tilgodesjå både medlemane og
ålmenta sine interesser i Skorgedalen. Grunneigarlaget skal forvalte
kultur og landskapsverdiane i beite-stølsområdet i Skorgedalen og på
Skorgestøylen i eit langtidsperspektiv. Grunneigarlaget eller styret
kan ikkje gjere vedtak som er til hinder for eller set til sides
grunnlaget for dette; beitedrifta i området eller som forringar
kvalitetane i Skorgedalen. Laget skal sjå til at all motorisert
ferdsel skjer etter gjeldande lover og reglar. Likeså at jakt og fiske
skjer i samsvar med gjeldande lovverk, og dei reglar grunneigarlaget
set. Laget skal sikre at brukarar frå andre gardar sitt dyrehald skjer
i samsvar med føremålet til laget, og ikkje er til hinder for
grunneigarane sitt dyrehald.