Foreininga sitt formål er å fremja det individuelle og samla båtlivet
sine interesser på vegne av medlemmene og ålmenta, derunder å verka
for etableringa av og leia drifta av fritidsbåthavner, verka for
utbreiing av fritidsbåtlivet som rekreasjon og kystkultur, verka for
utbreiing av kunnskap om sjøvett, sikkerheit, kystkultur og marint
miljøvern, ivareta medlemmene og ålmenta sine interesser og rettar
til bruk av skjærgarden, sjøen og havet som rekreasjonsområde og til
anna privat fritidsbasert utnytting og samarbeide med så vel andre
private organisasjonar som med offentlege myndigheiter for å fremja
båtlivet og båtfolket sine interesser.