Florø hamn Kinn kommune KF er kommunen sitt hamnefaglege organ og skal
ta hand om dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som er
lagt til kommunen etter hamne- og farvasslova, og føresegner gitt i
medhald av lova. Det geografiske ansvarsområde er avgrensa til å
gjelde tidlegare Flora kommune. Føretaket skal drive hamna med
tilhøyrande eigedomar, bygg og hamneinnreiingar på ein rasjonell og
effektiv måte, slik at brukarane får best mogeleg teneste til rett
pris. Føretaket kan engasjere seg i næringsretta knytt til
hamneverksemda. Føretaket skal forvalte på beste måte fast eigedom og
lausøyre som Kinn kommune stiller til disposisjon for føretaket. I den
grad føretaket nyttar tenester frå Kinn kommune, skal føretaket betale
vederlag for dette til kommunen. Dersom kommunen nyttar tenester frå
føretaket, skal kommunen betale vederlag til føretaket for det.
Føretaket skal nytte Kinn kommune sitt dokumentsenter. Drifta skal
vere effektiv, mest mogeleg lønsam og berekraftig over tid. Budsjett,
handlingsprogram og årsrapport skal dokumentere resultatkrav og
resultat. Definisjon av formål og ansvarsområde er uttømmande. Styret
og dagleg leiar har ikkje mynde til å treffe avgjerd på område som
ikkje er nemnt ovanfor.