4H er ein ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral
og partipolitisk uavhengig. Organisasjonen sitt føremål er å utvikle
ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt
for natur og menneske. 4H er ein medlemsstyrt organisasjon der
medlemmane sjølv bestemmer kva dei vil utforske og tileigne seg
kunnskap om.