Heiarvang grendalag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige
fritidsaktivitetar. Laget skal delta aktivt med å drive Heiarvang
grendahus i lag med dei andre eigarlaga og arbeide for å skaffe
inntekter til huset. Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga
av eit levande og godt nærmiljø for alle som bur på nordre Askøy.
Laget skal leggje vekt på samarbeid med andre lag og organisasjonar og
med kulturavdelinga i kommunen for å styrkje felles kulturelle og
økonomiske formål.