Ål Utvikling AS skal ikkje ha erverv til formål. Selskapet skal
utvikle, tilrettelegge og marknadsføre tilbod som Ål-samfunnet har,
med sikte på at auka kjennskap og aktivitet vil styrke næringslivet og
gjere Ål til ein betre kommune å bu i. Arbeidsoppgavene/tiltakene skal
i stor utstrekning vera til nytte for aksjonærane.
Drift av turistinformasjon og turløypenettet er ein del av
arbeidsoppgåvene.
Selskapet skal ha eit langsiktig perspektiv med arbeidsoppgåver som
samsvarer med måla til selskapet.
Selskapet kan erverve aksjar eller ha eigarinteresser i andre selskap
med liknande mål.
Støtte småverksemdene, utvikle, tilrettelegge og marknadsføre tilbod
som Ål-samfunnet har med sikte på at auka kjennskap og omsetnad vil gi
betre lønsemd for næringslivet. Videre skal selskapet ivareta
aksjonærane sine interesser overfor styresmakter og resten av
næringslivet. Selskapet vil selge varer og tjenester som er i trå med
ovenstående.