Vossabadet - Moderne Svømmehall for Alle | Folkehelse og Velvære | Vossabadet og Voss Idrettshall KF
Oppdag Vossabadet – din moderne svømmehall på Voss med tilbud for alle! Treningsbasseng med internasjonal konkurransestandard, stupetårn, varme opplæringsbassenger og mye mer. Perfekt for folkehelse og velvære. Besøk oss for en fantastisk opplevelse!
Føretaket skal organisera og styra drifta i Voss idrettshall og
Vossabadet, og forvalta bygg og anlegg på ein berekraftig måte.
Føretaket skal jobba for mest mogleg aktivitet i hallane, ha ein klar
miljøprofil og vera nyskapande. Føretaket skal bidra til at Voss herad
når mål frå kommuneplanen sin samfunnsdel og
handlingsplan/økonomiplan.
Føretaket skal bidra til at Voss er eit sterkt regionalsenter ved å
tilby aktivitetstilbod som er attraktive, nyskapande og inkluderande.
Føretaket skal gjennom høge besøkstal, bidra til betre folkehelse hos
innbyggjarane og tilreisande. Dette vil vera med å påverke å nå
berekraftmålet om "God helse".
Andre delmål: - sikra at aktivitetane vert gjennomført på ein trygg
måte- jobba for at fasilitetane er tilgjengeleg for alle - mest mogleg
effektiv og rasjonell drift, der overskot skal setjast av til
framtidig vedlikehald - ivareta standard på bygg og utstyr over tid.