Avklare, utvikle og vedlikehalde arbeidsevne hos enkeltmenneske.
Vidare skal det skapas grunnlag for sysselsetting av yrkeshemma i
arbeidslivet. Dette kan skje gjennom produksjonsretta verksemd og
arbeid med service, omsorg og handel i lokalsamfunnet. Det skal leggas
vekt på mogelegheit for overgang til ordinært arbeid. ASVO Måløy skal
vere ein arbeidsplass med mangfald som bidreg til auka livskvalitet
for den enkelte. ASVO Måløy skal være tilpassingsdyktige overfor
samfunnet og samarbeidspartnarane sine behov. Personer som er i våre
tiltak skal ikkje bli fysisk, psykisk eller økonomisk utnytta.
Selskapets overskot skal bli verande i verksemda, og disponerast til
formål som styrkjer den framtidige drift. Selskapet skal ikkje betale
ut utbytte. Selskapet skal ikkje eige eller kontrollere annan type
forretningsverksemd, her under eigardeler.
Varig tilrettelagt arbeid. Arbeidstrening for den ordinære
arbeidsmarknaden. Produksjon av tauverk og nett. Produksjon av brød og
ferske konditorvarer. Produksjon og sal av ved.