Lage ein god møteplass for alle, eit lågterskeltilbod utan terskel. Me
ønskjer at ungdom og eldre skal ha moglegheit til å vera ein ressurs
for kvarandre. Me skal utfordre generasjonskløfta, med fokus på
integrering. Me skal vera ein kafè med fokus på god mat, støtte, gode
samtalar og behageleg stillheit og omsorg. Minste Føre skal vere eit
fyrtårn for miljøet. Me skal ha ei universell utforming, slik at det
vil vera tilgjengeleg og mogleg for alle ulike funksjonsnivå å kome
til oss.