Fitjo Bustadfelt Vellag er eit tiltak for å samle alle husstandar i
feltet. Feltet ligg i Skulestadmoen i Voss kommune. Vellaget er eigd
og dreven av alle husstandane som til ein kvar tid er medlem i
vellaget. Vellaget har som oppgåve å skape trivsel i nærmiljøet,
opparbeide og vedlikehalde felles leikeplass, samordne og ta opp
felles problemstillingar, representere vellaget i fellessaker og
andre oppgåver som årsmøte bestemmer.