Å ordna med vedlikehaldet og bruken av vegane frå kommunal veg ved
Ekron (Haugetveit) til Hovatn, vidare på austsida av Hovatn til
Bleilibekken og på vestsida til Brasstøyl. Dette i samsvar med
overskjønet til høve auka reguleringa av Hovatn. Skjønet avhjemla 5.
april 1973. Vegane er bygde av Otteraaens Brugeierforening etter
pålegg av overskjønet, som erstatning for skadene ved reguleringa av
Hovatn. Desse vegane fører til reduserte kostnader for uttransport av
skogsvirke og betre utnytting av heieområdane. Vegarbeidet starta i
1974, ferdig godkjent og overtat av veglaget i 1977. Veglaget driv
ikkje ervervsvirksomheit. Overskot skal førast tilbake til vedlikehald
i veglaget.