Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og
tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller
fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som
femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane
skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal
gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein
sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.