Vere ein lokal base for arbeidsutårøving, arbeidspraksis, øving,
meistring, knytta til aktivitet i brukthandel. Hjelp til sjølvhjelp.
Sikre ein omsetnad som dekker inn utgiftene til drift og naudsynt
vedlikehald av bygningen (Gamleskulen).
Gamleskulen Brukthandel tek imot eller hentar brukte objekt frå lokale
hushaldningar og bedrifter. Varer vert aldri kjøpt, vert kun teke imot
gratis. Desse vert vaska, evt reparet og sett ut for sal i
brukthandelen. Det er snakk om møblar, bøker, klede og sko (0 til 7
år), elektriske artiklar, koppar, glas, tallerknar, bestikk og
pynteting. Stort sett samme vareutval som på ein loppemarknad,
unnateke klede til vaksne.