På ein mest muleg effektiv måte ta hand om og omsetje hagebruksvarer
produsert i Nordfjord og deler av Sunnmøre. Selskapet skal lagre og
vidareforedle produkta på slik måte at medlemane får best muleg pris
på leverte produkt, samt skaffe produsentane emballasje,
plantevernmidlar og andre innsatsmidlar til produksjonen til
rimelegast muleg kostnad.
Produsentar som ikkje er medlemer kan og få levere produkt gjennom
selskapet dersom det ikkje er overproduksjon av det aktuelle
produktet. Desse skal ha eit trekk på oppgjerdsprisen som blir bestemt
av styret, go har ikkje rett til evt. etterbetalingar som følge av
overskot i drifta. Styret handsamer dette årleg.
Selskapet skal arbeide for å vidareutvikle eit godt og samlande miljø
for hageproduksjon i området.
Selskapet kan også dirve anna salgsverksemd og utleige av den faste
eigedomen og også delta i andre veksemder som har liknande føremål,
eller som kan verke til å styrke hageproduksjonen eller økonomien i
laget.
Fruktlager med omsetning og foredling, pakking av lokale
hagebruksprodukt. Sal av driftsmiddel til hagebruksproduksjon.