Samle terrengsykkelmiljøet i Nordfjord, og vere ein stemme utad i
lokalsamfunn som kan kontaktast av andre aktørar i samfunnet. Vere ein
positiv drivkraft i forvaltning, tilrettelegging, bruk, utvikling og
synleggjering av stinettverket som egner seg for terrengsykling i
Nordfjordregionen. Jobbe for ein konstruktiv og positiv dialog mellom
ulike brukargrupper på sti, og mellom grunneigar og brukar. Arbeide
for å ta vare på, vedlikehalde og skape sykkelvennlege og bærekraftige
stiar som alle kan nytte. Arbeide for gode haldningar blant
terrengsyklistar vert praktisert, og at NOTS sine stivettreglar vert
overhaldne. Synlegjer sykling som ein aktivitet og kultur som bidrar
til auka folkehelse, identitet og eit betre samfunnsliv.