Hamar dialekt- og mållag har til føremål å samle målfolk i Hamar
og omland til aktivt arbeid for ei reell likestilling av dei to
målformene våre på alle område med spesielt fokus på det nynorske
målet. Å auke kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og
dialektane våre. Å styrkje grunnlaget for den folkelege by- og
bygdekulturen og verne om miljøet i Hamar og omland med utgangspunkt i
eit heidmarksperspektiv og dei ulike dialektane som er representerte i
området.