Laget vart stifta ved samanslåing av dei to laga Sunndal
Seterdriftslag og Grøvugruppa i 2007 jf. utskrift fra møtebok. Laget
er støtteforening for seterdrifta ved Inner Gammelsetra i Grøvudalen,
som blir dreve av Stiftelsen Gammelsetra, ein ideell stiftelse der
laget har to styremedlemmer som stiftar. Laget arbeider for fortsett
seterdrift og vil drive kunnskapsformidling og følgje utviklinga i
området i tråd med at det er verna som landskapsverneområde. Jf. § 1
i vedtektene. Laget arrangerer kvart år "Grøvuhelg" kring Olsok med
årsmøte og faglege og kulturelle innslag.