ØRSTA ANDELSGARD Ørsta Andelsgard SA vart formelt stifta 2016 og hadde sin første sesong i 2017. Føremålet til Ørsta Andelsgard er å produsere sprøytefrie landbruksvarer til eige bruk etter andelshavarane sine ynskjer. På årsmøtet før kvar dyrkingssesong får alle høve til å kome med innspel om kva, og kor mykje, me skal dyrke.…
Føretaket sitt føremål er å fremje andelshavarane sine interesser
gjennom i fellesskap med andre å dyrke økologiske grønnsaker til eige
forbruk.Frø og dyrkingsmateriell vert dekt av årskontigenten kvar
andelshavar betalar pr andel. Sjølve produksjonen er basert på
andelshavarane sin eigeninnsats ved frivillig dugnad. Produksjonen
skal samsvare med prinsippa for andelslandbruk/Community Supported
Agriculture og drivast etter økologiske retningslinjer vedteke av
årsmøtet.