a) Stord Kristne Skule AS er fundamentert på Noregs over 1000-årige
kristne evangeliske, konservative arv, og vil i all si verksemd
arbeida for å skapa eit læringsmiljø som fremjar kristent heilskapssyn
på livet, forankra i trua på Gud som skapar og frelsar slik dette er
uttrykt i Bibelen, og i den apostoliske truvedkjenninga. Skulen skal
gje eit tilbod som på ein klar og heilskapleg måte oppdreg elevane i
den kristne tru, og som legg til rettes for at elevane får eit
personleg forhold til Jesus Kristus og vert hans etterfølgjar. Skulen
vil og verke til einskap blant alle kristne, og ha ein tverrkyrkjeleg
profil. (Joh 17v 20-23) b) I forståing med foreldra og i respekt for
elevane, vil skulen formidle kunnskap, inspirera til læring og
utvikling av heile mennesket, slik at elevane vert utrusta til eit
godt og ansvarleg liv heime, i jobb, i samfunnet og i kristent
fellesskap. Vi vil leggja til rette for at eleven skal få lære etter
sitt potensiale og utvikla sin karakter og moralsk integritet, på alle
livets områder. I møte med elevane, i og utanfor skulen, er
personalet, medarbeidarar og tilsette førebilete, og har eit ansvar
for å fremja skulen sitt overordna mål. Aksjeselskapet si verksemd
skal byggjast på ikkje- kommersiell basis. Det skal ikkje utbetalast
utbytte til selskapet sine aksjonærar.
Stord Kristne Skule AS, skal gi undervisning på grunnskule nivå, som
skal føra fram til offentleg godkjent eksamen og vitnemål.