Forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og
å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest.
Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og
trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og
avkastning.
Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til almennyttige
føremål. Ved deira disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta
omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Etne
Sparebank.
Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken
Vest og vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godt regionalt
forankra banktilbod i Etne. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd
som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid
fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.
Forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og
å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest, samt
å dele ut gåver til allmennyttige føremål.