Utrøna Seglarlag er ein open organisasjon der alle kan teikne
medlemskap. Laget skal fremje idrett og friluftsliv på og ved sjøen i
Volda kommune. I hovudsak segling med brett, joller og kite. Utrøna
Seglarlag driv utan profittformål, og har ingen kommersielle
interesser utover å dekke løpande kostnader og legge til rette for
aktivitet blant laget sine medlemar.