Fedje maritime næringsråd (FMN) har som føremål å ta vare på og
vidareutvikla Fedje kommune sitt næringsliv. Næringsrådet er kommunen
sin samtalepartnar i næringsspørsmål og er elles engasjert i den
lokale samfunnsutviklingsdebatten. FMN er eigar av eit grasrotprosjekt
for lokal samfunnsutvikling. Kvart år har næringsrådet årsmøte,
medlemsmøte og månadlege felleslunsjer for sine medlemmer. Styremøte
vert halde månadleg, og styret har jamlege fellesmøter med
formannskapet i Fedje kommune.