Valdres Ski eit samarbeid mellom dei idrettslaga i Valdresregionen som
har utøvarar som ynskjer å prøve seg som langrennsløparar eller
skiskyttarar på eit (litt) høgare nivå. Valdres Ski ser det som si
oppgåve å hjelpe desse løparane med langrenns-relatert trening,
rettleiing og sosialt samvær som eit supplement til det arbeidet som
blir gjort i dei ulike laga. Målgruppa er løparar frå 13-års klassa og
oppover. Samarbeidet er leia av eit arbeidsutval, som har
representantar frå alle deltakande kommunar.