Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke
til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt
skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom
heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling
hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.