Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga
vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt
eigarskap i Ætt Sparebank. Stiftinga kan i tillegg plassere midlane på
ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til sikkerhet,
risikospreiing, likviditet og avkastning.
Stiftinga kan disponere overskot og dele ut utbyttemidlar til
allmennyttige føremål. Stiftinga skal i si utdeling av utbyttemidlar
først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen
i Seljord Sparebank.
I si verksemd skal stiftinga gjennom sitt eigarskap i Ætt Sparebank og
vidareføring av sparebanktradisjonar sikre eit godt regionalt forankra
sparebanktilbod i Øvre Telemark (Midtre og Vestre Telemark). Elles kan
stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål
og dei rammer som til kvar tid fylgjer av regelverket for
sparebankstiftingar.
Eige og forvalte eigenkapitalbevis stiftinga vart tilført ved
skipinga, og stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Ætt
Sparebank, og gje bidrag til ålmennyttige føremål.