Havhesten Kinn kommune KF skal stå for og ha ansvaret for all
aktivitet på gnr. 203 bnr. l, 18 og 20, gnr. 24 bnr. 20 og 26, gnr. 28
bnr. 88 (symjehalltomta) i Kinn kommune. Føretaket skal gi dei badande
eit best mogeleg tilbod, i samsvar med bygget sine planlagde
funksjonar.
Føretaket kan stå for annan aktivitet i tillegg til dette dersom slik
aktivitet styrkar inntektsgrunnlaget for føretaket og er tilpassa
badeaktiviteten.
Føretaket skal forvalte på best måte fast eigedom og lausøyre som Kinn
kommune stiller til disposisjon for føretaket.
I den grad føretaket nyttar tenester frå Kinn kommune, skal føretaket
betale vederlag for dette til kommunen. Dersom kommunen nyttar
tenester frå føretaket, skal kommunen betale vederlag til føretaket
for det.
Føretaket skal nytte Kinn kommune sitt dokumentsenter.
Drifta skal vere effektiv, mest mogeleg lønsam og berekraftig over
tid. Budsjett, handlingsprogram og årsrapport skal dokumentere
resultatkrav og resultat.
Badeanlegg med sal av billett, kort og rekvisitasal for badeutstyr og
klær. Vidare tilrettelegging for idrett, aktivitetar for
organisasjonar, publikum og skular.