Fremja interesse for og utøving av musikk blant medlemmene og medverka
til utvikling av sunne interesser og godt venskap. Altså: I Høyanger
Skulemusikk er vårt viktigaste formål å fremje spilleglede og
fellesskap. Vi ynskjer å stå for kvalitetsfylt opplæring, sterke
musikkopplevingar, skape glede for musikantar og lokalsamfunn,vere
gode representantar for både skule og lokalsamfunn. Spilleglede,
fellesskap og samhold er tre nøkkelord. Vi har ingen "reservebenk",
alle kan få vere med ut i frå sine eigne føresetnader. Vi ynskjer å
skape eit verdigrunnlag og glede for for musikk som dei kan ha med seg
heile livet. Korps kjenner inga aldersgrenser - ung eller gamal, her
er det rom for alle.