Å eige og leige ut bustadar i tråd med Vågå kommune sitt behov, og i
tråd med forretningsmessige prinsipp. Husleiga skal liggje på
marknadsnivå og dekkje selskapet kapital-, forretnings-, drifts og
vedlikehaldsoppgåver for å oppretthalde og utvikle bustadanes
standard over tid i tråd med endringar i marknaden. Selskapets
overskot skal nyttast til å styrke eigenkapitalen og nyttast til
investeringar i nye bustader eller renovering/oppgradering av
eksisterande bustader. Det er ikkje krav om avkastning i selskapet og
det skal ikkje betalast ut utbytte. Verdiane kjem gjennom dei
verdiaukingane som kjem i bustadane som når desse får rett og
tilstrekkeleg vedlikehald. Selskapet skal utvikle bustadar sjølv eller
saman med private utbyggjarar for å sørge for tilgjengelege bustadar i
tråd med behov frå Vågå kommune. I dette ligg; a) Eigna
ungdomsbustadar b) Rekrutteringsbustadar og bustadar for tilflyttarar
c) Bustadar for eldre
Eige og leige ut billige ungdomsbustader. Utleigeverksemda skal ikkje
gje økonomisk avkastning i form av utbytte eller liknande.