Leikarringen Frøy er ei folkedansforening for studentar tilknytta NMBU
og Samfunnet i Ås. Me ynskjer å vekke opp att det store engasjementet
for folkedans og -musikk her hjå Ås-studentane. På den måten bidreg me
til å halde liv i ein kultur som er viktig å ta vare på, men som er
noko truga i det moderne samfunnet. Me hev øvingar kvar onsdag
ettermiddag, arrangerer kurs for studentar, og deltek på ei rekke
andre aktivitetar gjennom året.