Vere ein reiskap for gjennomføring av Ulstein kommune sin
bustadspolitikk og sikre at kommunen har hensiktsmessige bygg for si
øvrige verksemd og tenesteyting. Føretaket skal syte for å ta i vare
bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av disse
bygningane/eigedomane på ein effektiv måte.
Føretaket skal gjennom å eige, forvalte, vedlikehalde, rehabilitere,
byggje nye, kjøp og sal av eigedomane syte for at eigedomane vert
utvikla i samsvar med kommunen sine målsettingar for servicenivå og
utvikling.
Føretaket kan ta del som eigar i andre selskap når det ligg innanfor
føretaket sitt føremmål og dei rammer kommunelova og eventuelt andre
lover/føresegner angir for kommunen si deltaking i
selskap/forretningsdrift.
Føretaket kan og leige inn eigedomsmasse og gå inn i framleigekontrakt
når dette tener dei føremål føretaket skal ivereta.
Disponeringa av eigedomane som ein reiskap i kommunal verksemd skal
ivertakast av dei aktuelle fagetatar i kommunen.
Føretaket kan ta på seg andre oppgåver som kommunestyret pålegg
føretaket.