Føretaket er kommunen sitt verktøy for gjennomføring av
eigedomspolitikken i kommunen, og skal ivareta eigaransvaret for dei
kommunale eigedomane i Ålesund kommune. Vidare skal føretaket sikre og
oppretthalde verdiane i eigedomane og bygningsmassen.
Føretaket skal støtte opp under kommunen sine overordna strategiar og
planar.
Føretaket skal forvalte og utvikle eigedomsmassen etter
forretningsmessige prinsipp.
Føretaket skal bidra til ein sunn og stabil eigedomsøkonomi.
Føretaket skal ha ein klar klima-, energi- og miljøprofil, tilpassa
den strategien som til ei kvar tid er gjeldande for kommunen.
Føretaket skal syte for utvikling og styring av kommunale
byggeprosjekt.
Føretaket skal ivareta ei sikker og god forvaltning av kommunen sine
bustader for vanskelegstilte innbyggjarar gjennom utleige av desse. I
tillegg skal føretaket behandle søknadar frå innbyggarar på startlån-
og tilskot til eigen bustad.
Forvaltning, drift, vedlikehold, utvikling og utleie av fast eiendom.
Tildeling av Husbankmidler på vegne av Ålesund kommune.