Kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå har inngått avtale med formål
om å ha ei felles brann- og redningsteneste, jfr brannvernlova § 9,
andre ledd.
Selskapet skal ha ansvar for, og mynde til, å ivareta kommunane sine
plikter etter brannvernlova med tilhøyrande forskrifter, med dei
unntak som følgjer av lova sjølv. Selskapet skal treffe vedtak om å
delegere mynde vidare til dagleg leiar/brannsjef.
Selskapet skal leggje vekt på kvalitet gjennom allsidig og høg fagleg
kompetanse for dei utfordringar selskapet står framfor til ei kvar
tid.
Selskapet sine oppgåver skal til ei kvar tid skje i samsvar med dei
til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.
Kommunen kan legge anna arbeid til selskapet så langt dette ikkje
svekker selskapet sin evne til å gjennomføre oppgåvene etter
brannvernloven § 11. På same vilkår kan selskapet ta på seg andre
oppgåver innanfor fagområdet utover det som er lovpålagt.
Brannvesen - kommunane Hemsedal og Gol skal i fellesskap løyse
oppgåver etter brannvernlova gjennom eit IKS.