Selskapet er tufta på aktivitetar forankra i helse, natur og kultur,
og verksemd som naturleg høyrer inn under dette. Verksemda omfattar òg
sal av gardsprodukt, utleige og turisme.
Eigar av selskapet skal fasilitere aktivitetstilbod knytt til natur,
kunst og helse, i tilknyting til den daglege drifta av småbruket
Brekkegarden. Vi skal tilby og utvikle helsefremjande aktivitetar for
alle aldersgrupper. Frå hausten av startar eit dagaktivitetstilbod for
heimebuande demente. Vi arbeider med å skape eit meistringstilbod for
born og unge, og vi arrangerar kunstnarverkstadar. Garden er ein
møtestad for frivillig aktivitet, gjennom at huset står til
disposisjon for frivillige grupper som driv helsefremjande aktivitet.
Det skal også etablerast andelslandbruk ved garden. Brekkegarden er
NaKuHel-gard. NaKuHel står for Natur, Kultur, Helse, og er ei stifting
etablert i 1994. Stiftinga har som mål å stimulere til større
heilskapstenking og kreativitet rundt helsefremjande arbeid.
NaKuHel-gardane jobbar for å styrke samarbeid mellom praksisfelt og
akademia, gjennom å legge til rette for forsking og utvikling av nye
nettverk. NaKuHel-gardane skal vere synlege aktørar i lokalt
folkehelsearbeid, og pådrivarar i opinions- og haldningsskapande
arbeid.