Norsk Sau og Geit er ein open interesseorganisasjon for sauehaldarar,
geitehaldarar og haldarar av gjetarhund. NSG skal arbeide for å fremje
eit rasjonelt og lønsamt sau- og geitehald, samt bruk av gjetarhund.
Vidare skal det arbeidast for å tryggje beiteretten, stimulere til
samarbeid i produksjon og omsetnad, auka bruk av norske småfeprodukt
og fremje småfehaldet i samsvar med god dyrevelferd, naturvilkår og
marknadstilhøve. NSG driv ikkje med erverv som formål.