Sogndal ettersøkslag skal tilby avtalar om og utføre søk etter skada
vilt på oppdrag frå jaktlag/jeger i Sogndal og Leikanger kommune.
Laget har som føremål å vere eit lag med godt kvalifiserte
ettersøksekvipasjar, som til ein kvar tid kan rykkje ut når det er
behov for å finne skada hjortevilt i kommunane Sogndal og Leikanger.
Laget skal arbeide for fremje interessa for ettersøk av hjortevilt,
samt organisere og utøve ettersøk på hjortevilt etter gjeldande lover
og forskrifter.