Eigedomen skal nyttast til: 1. Fritidsføremål for bygdafolk og folk
med tilknyting til bygda. 2. Kaien kan brukast til lossing og lasting
av varer og andre nødvendige gjeremål for bygdafolk. Andre kan få
bruka kaien etter løyve i frå styret. Det skal ikkje kunna lagrast
varer på kaien over lengre tid ( maks 3 dagar ) 3. Bygningen kan
brukast til dei føremål som styret til ei kvar tid finn føremålstenleg
for laget.
Kaien og område rundt blir mest brukt i badesesongen. Vinterstid får
Grendelaget bruka ein del av bygningen til lagringsplass for utemøblar
som høyrer dei til.