Hjelle ungdomslag er eit frilyndt ungdomslag der born og unge kan
drive med meiningsfylte og allsidige aktivitetar. Laget skal vere
aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle
aldersgrupper i området. Laget skal legge vekt på samarbeid med andre
lag og organisasjonar i området for å styrkje sams kulturelle og
økonomiske føremål.