Valland Vel skal ta i vare felles interesser i felleseigd område
og utvikla fellesområdet på ein god måte. Valland Vel kan ta opp
alle saker som kan vere med på å fremja og betra fellesområdet og
tilhøva til bebuarane i området. Valland Vel skal arbeide til beste
for bebuarana i området og kunne fungera som eit talerøyr i saker
som vedkjem felles interesser t.d. kommunale reguleringsplanar,
brøyting av kommunal veg, trafikksikringstiltak m.m. Vidare har
vellaget ansvar for vedlikehald av leikeplassen og arrangere
dugnadar i tilknytning til dette. Vellaget ønskjer også å arrangere
ulike sosiale samankomstar for innbyggjarane i byggefeltet for å
auke trivselen.