Vi i HIM er lidenskapelig opptatt av bærekraft og miljø. Hver dag har vi fokus på at vi som samfunn skal sette et minst mulig miljø- og klimafotavtrykk.
Utføra kommunane sine oppgåver innan innsamling, gjenvinning og
behandling av avfall og slam, og arbeidsoppgåver som høyrer naturleg
saman med desse oppgåvene. Selskapet overtek såleis oppgåver som
kommunane etter lova kan overlate til selskapet innafor desse områda,
og som skal betalast av renovasjons- og slamgebyret. Utarbeida
gebyrregulativ for hushaldskundar. Gebyra skal etter ein
overgangsperiode vera like for like tenester i alle
deltakar-kommunane. Gebyra kan varierast etter levert mengde avfall og
tenestetilbod. Utføra andre oppgåver som kommunane og selskapet vert
samde om at selskapet skal utføre. Gje tilbod om innsamling,
gjenvinning og behandling av næringsavfall der selskapet finn dette
miljømessig ønskjeleg og økonomisk rett. Søkja samarbeid med andre
kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg, og selskapet kan
vera eigar eller medeigar i andre selskap. Avgjera i kva grad drifta
skal skje ved bruk av eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved
leigeavtalar med medlemskommunane eller private næringsdrivande.
Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med
kommunane.
Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
Bygging og drift av innsamlingssystem og mottak, samt anlegg for
gjenvinning, mellomlagring, spesialavfall og avfall som kan
gjenvinnast, resirkulerast eller destruerast annan stad.
Miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga. Saman med
kommunane informera publikum og næringsdrivande om tilbod frå
selskapet, med vekt på å gi auka kunnskap og forståing for
miljøvenlege måtar å ta hand om avfallet på.
Etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke
på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar, der dette er naturleg
for å fremma føremålet.